Arne Vardehaug. Landbrukstidende s 9-10, 1943
Arne Vardehaug, Frol
No har vi kome over på eit nytt år og sauehamnene for 1943 må til å planleggjast. Så kan ein spyrja: "Har resultatet i 1942 vore slik at det manar ein til fortsett strev?" Trass uvant sau og vargherjing, så må ein likevel seia at resultatet har vore bra i desse to hamnene. Ein har vel både i Glonka og Klenningen mist ein 8-9 %. I Glonka mest alt sikkert vargreve, då vargen der kom heilt inn i hamna ei natt og reiv ikring 60 sauer i eit ruff. I Klenningen der det var nyare tiltak, og såleis urolegare sau, var det verre å finna dei revne sauene, då dei låg vidare utover, og tildels utanom sjølve hamna. Hadde ikkje vargen kome, hadde det i Glonka vorte storfint. Dyra var svært fine og gjekk roleg; av 670 sauer var det berre ein 4-5 som sjølvdaua. I Klenningen var ein del sauer noko urolege, og vilde tildels taka ut av hamna, så gjætarane hadde eit svært strev. Det er ikkje greitt når 1570 uvante sauer vert samla. Men til ros for gjætarane kan seiast at ved samling var det ikkje mange dyr utanom hamna. Og sauene var fine; finare enn ein kunne venta første året. Sjølvsagt er det sume som har mist mykje sau. Kanskje sume dyr var magre og. Dette er ikkje til å unngå ved nye tiltak. Sume vert kanskje så forarga at dei er ferdige med å ha sauer på fjellet. Men eg vil beda slike: Døm ikkje for hardt, og legg ikkje inn vondt for andre om de sjølv ikkje vil vera med meir. For dei som har fått att skokkane sine, serleg dei sauer som ein har funne i sjølve hamna, er det greitt for. Desse sauer har no vent seg til trakta, og vert sidan om åra greie å ha med å gjera. Å ha sauene berre eit år på ei trakt, er det dummaste ein kan gjera. Første året vert det aldri noko skikk på det. Med døming ut frå dette må ein seia at det i Klenningen og har gått storfint. Serleg når ein og tar omsyn til at ein ikkje i år fekk i det gjerde ein trengte for å stengja av eit stykke. Til sumaren vonar vi det og skal verta greitt. Vi får vona at vargen og må verta tynt eller dreven bort før vi slepp sau att. I sjølve Klenningen er ikkje vargen så lei om sumaren; han held seg meir i utkantane der.
Eg er klar over at vi som har styra med desse tiltaka, får mykje kritikk. Mykje er kanskje rett, men og mykje urett. Vi skal då freista retta på det som er gjort gale, så langt vi maktar.
Eg vil og kritisera saueigarane noko. Serleg vil eg peika på den dårlege merkinga. Det er utilgjeveleg at ein slepp sau og lam med dårlegt merke. Men sume hadde ikkje merke i det heile. Kva skal ein seia om slikt? Kvar einaste sau og kvart lam må vera merka. Eit øyremerke for kvar gard i heradet; og kvar sau må ha klave med greitt namn på, også heradsnamn. Dette gjeld og for lam! Gjer folk dette, sparer ein mykje bry og bråk. Folk må difor ordna seg med klavar, og det s t r a k s. Det er for seint når ein skal til å sleppa sauene. Eg sjølv (og fleire med meg) brukar: klypt merke i øyrene - dertil aluminiumsmerke med namn i eit øyra - og til sist namneklave på alle dyr. Då er det greitt å finna att kvar sine dyr.
Så vil eg beda folk hugsa at det er ikkje høve til å sleppa graverlam fødd før 15de april. Det vil det verta sett nøye etter no. Folk som ikkje fylgjer reglane vert dregne til ansvar.
Sauene må og få gå ute noko før dei vert slepte til fjells. Om ein ikkje har heimehamn, så kan ein likevel laga ei lita trø å ha dei i, sjølv om ein må gjeva del mat. Ei slik trø var og bra å ha dei uti så å seia dagstøtt om vinteren og.
Sauene må klyppast tidleg - først i april. Det kan ymse tider vera ruskåt i fjellet når ein slepper sauene. Og då li snauklypte sauer fælt, ja sume kreperar beint fram.
Ja, lat oss då alle retta feilane no, så kjem det til å gå storfint med sauedriftene framgjenom åra.