Jon Sæland. Landbrukstidende s174, 1936
Jon Sæland, statskonsulent i saueal
No må det gå å taka uppatt litt um dette. I nr. 13 freista Engdal å prova, at det var Border-Leicester som var innførd til Noreg i 60 åri (av Lindequist) og at det er dette sauslaget som er upphavet til dalasauen ("de norske rester av Border-Leicester"). Eg skreiv, og held på, at dette er gale. Eg kann ikkje finna at det nokon gong er kome Border-Leicestersau til Noreg utan dei fire verane eg kjøpte åt folk i 1919 og som det inkje minningar vart att av.
Engdal kann ingen stad finna noko skriftleg um at det er innført Border-Leicester. Heller ikkje hev me munnleg tradisjon um dette. Men han freistar å prova, at New leicester som Lindequist (og andre) fekk inn i 60 åri er det same som Border-Leicester. Men det er det ikkje. Han viser her til s. 643 i "Farm Live Stock of Great Britain" der prof. Wallace hev skrive at New Leicester er det første eller ophavelege namnet på Border Leicester". Ja, dette kann Wallace hava like mykje rett i som um me vilde skriva at det upphavelege namnet på dalasauen var det "engelske" sauslaget i Sogn og ymse andre stader. Dalasauen ættar frå dette (Leicester) og Border Leicester ættar frå New Leicester, det er so, men difor er det ingen grunn til å segja (eller tru), at New Leicester og Border Leicester er same sauslaget. Dalasauen er ikkje det same som det "engelske" sauslaget som han er gjengen ut ifrå. Og på same viset er det med Border Leiceister som ikkje er det same som New Leicester som han ættar frå.
I Live Stock Handbooks nr. 1, :Sheep, skriv professor Wrightson på side 27 m.a. "at brøderne Gulley fekk fram Border Leicester ved uppattkrossing av Dishley-verar og Teeswater søyor". Og me veit Dishley og New Leicester er same saueslaget, nemleg det som vart laga av den upphavelege sauen i Leicestershire av Robert Bakewell frå Disley.
Wallace skriv m.a. s. 18 i ovanum nemnde skrift at det "var den vanlege sauen i sitt distrikt Bakewell nytta til å åla fram sin New Leicester eller Dishley-rasen".
Bakewell levde 1725-1795. New Leicester-rasen var kring 100 år gamal då Border Leicester vart teken upp som sers rase so seint som 1869, altso e t t e r at Lindequist (og andre) førde New Leicester til Noreg. Men korleis kunde Linidequist føra inn til landet ein rase som enno ikkje var til?
Ja, eg vonar at Engdal no vil vera klår yver at han hev teke feil. Er han ikkje det, må eg beda han lesa kapitel 3 og 4 i den ovanum nemnde boki (Sheep) av professor John Wrightson (eighth edition, London 1919), for å taka fram en då fleire prov i Landbrukstidende, vilde taka for mykje rom. Og trengst ikkje.
Engdal vil kanskje koma til å segja, at Lindequist då han 1856 kjøpte New Leicester kunde han vingla til å kjøpt av den typa som seinare vart skilt ut og arbeidt fram til Border Leicester. Ja, eit sovore vingel er ikkje heilt utenkjeleg, men iminsto burt imot det. Etter alt me veit um Lindequist heldt han hardt på reine rasor og typiske dyr. Er det då minste rim i at han skulde ha kjøpt noko som låg so i utlonene til den namngitne gode rasen han vilde ha, at han vingla burt i noko som nokre få år seinare vart sett ut or New Leicester-slaget og arbeidt fram til Border Leicester. Nei, det er det ikkje.
Men um ein so, underleg ting skulde ha hendt, so måtte me truleg ha set merker etter det her i landet. Men det gjer me ikkje, iminsto ikkje um det hadde likskap med det som no er og lenge hev vore Border Leicester. Me finn ikkje her i landet minningar um høghalsa sau med smalt annlit og høgreiste øyro utan at det står i samband med sutherland eller sjeviot.
Alt som ættar frå innføringi i 60, åri (og fyrr) anten det heiter engelsk Leicester, New Leicester, Dishley, Leicester, "låglandske" eller berre "engelsk" hev store og slake øyro med lågreist og storbrote hovud.
I siste stykket sitt (i nr. 13) hev Engdal teke inn eit bilete av ein champion ver av Half-Breed og finn at denne hev "mykje, likskap med del beste av dalaslaget". Det er noko uventa at ein sauealsgardsstyrar som m.a. hev ein gild flokk dalasau um hand kann skriva so (orsak) - burt i veggene, at ein spisk ver med uvanleg høgreist hals og hovud og høgreiste smale øyro og lite hovud skulde vera mykje lik jamvel "dei beste av dalaslaget".
Ikkje berre Engdal, men jamvel alle andre som hev set ein (på statssjåi) premiera dalasau, burde veta at dette sauslaget ber hovudet etter måten lågt og er det motsette av spiskt - soleis med storbrote hovud og store, slake øyro.
Handi som held dyret (under fotograferingi) kann draga hovud og hals upp. Ja, i nokon mun er det so, men alle som kjenner Border Leicestern veit at denne hev og skal hava høgt bore hovud.
For å syna skildnaden på dalasauen klårt set eg inn her elt bilete av tvo typiske dalaverar - frå Voss. Den som står fyrst er Gaute 110 (1. premi).
Jon Sæland