Arne Vardehaug. Landbrukstidende s 386, 1933
Arne Vardehaug
No då spursmålet om økonomisk avsetnad på sauekjøtt er teke op, og truleg finn si løysing, kan det vera rett å sjå på om ikkje vi trønderar og kunde gjera noko ut av vårt sauehald. Og vi kan gjera noko ut av dei sauer vi har, og vi kan auka vårt sauehald. Vi har gode vilkår for sauehald her; vi har mange gilde fjellstrekningar som måtar serleg godt for sau. Vi kunde f å den sauen vi alt har på gode fjellbeiter, få den vekk frå granskog og myrar, der sauen ofte lid vondt, og skogen har heller ikkje godt av sauegnag; og vi kunde få meire sau. Det kunde verta auka saukjøttproduksjon i Trøndelag. Det kan vera mange som er redd å auka produksjon; men når ein har naturleg vilkår for den, og vi veit at vi endå ikkje kjøttfør oss sjølv med sauekjøtt, so skulde ei slik auking nett vera den rette for å hjelpa fram vår økonomi.
Eg har dei siste tri-fire år fare noko i fjellet og sett på beite med tanke på sauehald. Dei felt eg har sett på, finn vi innan eit fjellområde som ligg millom Stjørdalselva og Helgåa i Verdal, op til ei line frå Meråker st. og til øvst i Helgådalen og so ned til skogbandet i vest. Endå har vi eit felt ved svenskegrensa på kring llh mil breidt som og kunde gjeva plass for mange sauer. Dei felt eg har sett på, er fyljande:
Blåstøyten med plass til ca. 3000 sau
Klenningen 3500 "
Fersvola 1800 "
Haugsvola 270 "
Kråkfiellet 270 "
Hårskallen 220 "
Høgsetervola 220 "
Havren 1200 "
Skavhaugvola 1800 "
Hyllfjellet 2500
Tilsaman har eg funne ut at sauebeite i desse felt vert på ca. 463 km2 og med eit belegg på millom 20 og 40 sau på km2 vert det kring ein 15,000 sau som der hadde rom. Endå har vi dei vanlege sætertrakter imillom som vi kunde ha ungfe og tildeis mjølkefe og hestar på; det er i dei høgste høgderne sauen held, so dei kjem ikkje i vegen for andre dyr. Av dei nemde felt er det berre Hårskallen som er fullsett med sau (der er dobbelt so mykje som eg har rekna med so eg har ikkje rekna for høgt). Noko har vi i Fersvola, eller rettare enden av Fersvola ved Glonka, der Amdal på Skånes og fleire no dei siste par år har havt i kring 300 sau i alt. Ellest er det lite og inkje sau i dei nemde trakter.
Det vert då ei opgave for trønderne å skaffa sau til desse trakter, og ikkje lata all den gilde sauematen råtna bort år etter år. Men skal vi makta det, må det samyrke til. Ein må få samse beitestrekningar for fleire gardar eller bygdelag. Og ein må ha serleg dugande gjætarar, som i alle fall dei to første år gjætar både rett og godt. Han må gjæta slik: at sauen vert feit, at sauen lærer å halda seg til trakta og at det kjem burt minst moglegt. Å sameina desse krav let seg ikkje gjera utan at gjætaren er både dyremann og fjellmann, samtidig må han vera i farten både seint og tidleg; men ta det med ro må han og gjera. Som ein skynar, eit slikt tiltak som sauedrifter tilfjells står og fell med gjætaren. Ein annan gong kan eg kanskje gjeva ei lita rettleiding om korleis ein skal ordna og gjæta sauedrifter.