Olav Fjærli, Landbrukstidende nr 27-28 1943. Sidene 108-109. Svar på innlegg fra Sigvard Kåpsvik.

Store kyr og små beite

 

Olav Fjærli

Herr Sigvard Kåpvik har skreve ein artikel med denne overskrifta i Landbrukstid. for 30. juni.

Eg er samd i det meste han skriv om beitesaka. Men det han skriv om den raude trønderkua og "mjølkista vi skal føre inn frå utlandet" er slik at eg må ta til gjenmæle mot det.

For det første vil eg seie at eg ikkje har sett at det er skreve side opp og side ned om at vi har for små kyr - og at dei kyr "vi har før skal være berre skrap". Eg har ikkje sagt eller skreve noko slikt, og eg trur ikkje nokon annan fagmann har gjort det heller.

Eg har tvert imot sagt at Raudt trønderfe er eit riktig gildt fe. Og enno mykje gildare ville det syne seg om det var betre utnytta gjenom god vinterforing og gode beiter om somaren. Men det har og vorte nokre vanlege bygningsfeil i rasen, og dei er vanskeleg å få bort, nettopp fordi feilane er so vanlege. Dei verste er slapp rygg, oppsveia kryss og speie og krokute bein. Dette ser vi som ålvårlege feil i fedøminga no. At det er "for liten frampart og for smal bakpart" har ikkje eg høyrt at nokon har halde fram som del verste bygningsfeil.

Når det gjeld å bruke oksar med blod av "Svensk Rød og Hvit Boskap" (S.R.B.) for å rette noko på eksteriøren, så har dette spursmålet vore dryft før eg vart statskonsulent for rasen. Somaren 1939 vart det teke opp tingingar millom landbruksselskapa i Trøndelag og Hedmark om å slå saman Raudt trønderfe og det ayrshireprega feet dei prøver å arbeide fram på Hedmark der dei brukar mest S.R.B.-oksar. Mi stoda til dette spursmålet vart at ein helst skulle vente litt med ei slik samanslåing. Men istaden skulle vi "friske opp" Raudt trønderfe litt ved å bruke nokre få oksar av S.R.B. - av dei beste som var å finne. Tanken var ikkje å få Raudt trønderfe noko vidare større, men å få inn ny arv for å rette på bygningsfeil.

No er Raud trønder og det ayrshireprega feet på Hedmark slege saman til ein rase. Og no har eg teke den stoda at eg ikkje godkjenner oksar med svensk blod til fealslagsoksar, utan at dei er av aller beste avstamning og har god bygning. Eg prøver ikkje å agitera inn oksar med svensk blod nokon stad. Eg seier dei må få tak i noko, riktig godt om dei vil prøve det, for det er stor skilnad på dyr og stammar av den rasen og. Dei bygder og dei einskilde menn, som ikkje har tru på ei oppfriskning med S.R.B.-oksar, kan halde seg bort ifrå det. Det vert vel nok av dei som prøver det og tida vil døme om kva som er rett.

Når herr Kåpvik skriv om svensk S.R.B. som "kistekua" og "mjølkista", so må folk få den trua at det er eit feslag som skil seg mykje frå Raud trønder. Dei lærde meiner ikkje det. I Raud trønder er det truleg omkring 70 % ayrshireblod og 30 % gamalt norsk blod. Etter samanslåinga av "Rødbrokig" og svensk ayrshirefe til S.R.B., kan ein rekna at dette feslaget har omkring 65-70 % ayrshireblod, 15-20 % korthornsblod og 15 % gamalt svensk blod. Den største skilnaden er at det - er meir korthornsblod i S.R.B. og at kyrne har ei levandevekt på oppimot 100 kg meir enn Raudt trønderfe. Men ved rasedaninga av ayrshirefeet i tida 1760-1800 var det og bruka mange korthornsoksar, så korthornsblodet er ikkje noko heilt nytt vi får inn i Raudt trønderfe med å bruke nokre oksar av S.R.B.

At S.R.B. er så mykje større kjem og noko av at svenskane ventar lenger før dei let kviga koma med kalv og at dei oppdrettar godt. Medelstorleiken for S.R.B. er no omtrent som for buskapen på Skjetlein landbruksskule. Eg trur ikkje folk treng å vera så redde for at feet vert for stort ved litt oppfriskning med S.R.B. Om Raud trønder skulle få 30 kg større levandevekt, så går det etter mi meining godt an. Det vert då litt meir og meir med kulturbeiter etter kvart. Og vinterforinga vert vel og litt betre og betre, millom anna, etterkvart som folk lærer å slå enga tidlegare og leggja ned meir silo.

Kven er det no elles som har slege fast at S.R.B. er so mykje meire kravfullt beitefe enn Raud trønder? Svenskane har då lugt vinn på å få feet sitt til eit godt og hardført beitefe og nyttar ut både kunstige og naturlege beiter så langt som råd er, og meir enn hjå oss.

"Mjølkistor", seier herr Kåpvik. Føre krigen var det større prosent av årsforet som var kraftfor i Noreg enn i Sverige. I 1938 var kraftforprosenten etter kontrollrekneskapa 22,6 % for Raud trønder i Sør-Trøndelag og 22,8 % for feet i Sverige. Er det dei 0,2 % som gjer den eine rasen til "mjølkistor" i motsetnad til den andre?

No under krigen må det svenske feet og greie seg utan noko vidare kraftfor. Liten eller ingen innførsle, og kornet må svenskane og bruka til mat for folk. Medeltalet for feittproduksjonen for S.R.B. er difor gått ned frå 132 kg i 1938 til 120,7 kg i 1942. "Mjølkistone" mjølkar litt no og. Raud trønder er gått ned frå 103 kg til 92,5 kg som medeltal for 1941 og 1942. Feittprosenten i mjølka er 3,92 % for S.R.B. og 3,90 % for Raud trønder. I mjølkeyting for 100 kg kropsvekt og for 100 foreiningar står Raud trønder likevel nesten like godt som S.R.B. Skilnaden er liten. I eksteriøren er han noko større. Soleis har S.R.B. ei noko betre overline og betre bein. Det er dette og ymse anna som skulle koma oss til nytte ved el "oppfriskning".

Desse tvo rasane er for det meste av same opphav og del er mykje like - både å sjå til og i fysiologiske elgenskapar. Om Raud trønder no står litt veikare i eksteriøren, så må vi kunne rette både på det og ymse andre egenskapar. Dei som vil "friske opp" og dei som ikkje vil får arbeide mot same mål -kvar på sin måte.