Sigvard Kåpvik, Landbrukstidende nr 25-25 1943. Sidene 99-100
Sigvard Kåpvik
Det blir skrive side opp og side ned om at vi har for små kyr her i landet, og dei er lytefulle på alle vis, for, liten frampart og for smal bakpart. Og det er "slått til lyd" for å bøte på dette med å få inn noko storveies til dyr frå utlandet. Dei gir mykje og feit mjølk, dei vi har før skal vera berre skrap.
Og det rare er at ein stor hop "høyrer seg blind" eller einøygd på dette preket. Så forlokkende høyrest dette at ein kan tru ein blir "rik i ein hast" om ein no får til utalandske kyr med kisteform og firkanta kryss. Og all denne mjølka og alt dette smøret som skal koma "tå seg sjøl", berre ein får til rette kuslaget. Og kva kan ein ikkje få med folk på?
Og på same viset er det med den svenske kistekua, vi har for lite å by henne. Vi har for dårlege beite.
Eg har set døme på den same ånda i minder målestokk. Det har vori slik blåster nokre tiår er det vel no utmed kysten om at det var om å gjera å få i kyr av "storslag". Og det er med kvart vorti tilført kyr og oksar med både namn og nummer. Og desse kyrne har fått plent dei same kåra som dei som var før. Ein har plaga dei til å leva gjennom vinteren på høy og vatn. Om våren laut dei kalve, og så vart dei sleppte ut på "beite", på lyng og storr. Og "storslaget" skuffa stort. Så stort at ein i mange grender ikkje vil ha okselag lenger. Fordi "storslaget" ikkje var "betre" enn "småslaget".
Det som folk ikkje skjøna, var at det er av maten - foret - dyra får, mjølka blir til, og ikkje av storleiken og forma på dyra. Dei tok til frå den galne enden, derfor gjekk det som ein måtte vente. -Nett som med ein husmann eg har høyrt om. Han såg at bonden fekk til så mykje korn, og det trudde han kom seg av at han hadde så gildt eit trøskeverk, - for det hadde bonden sjøl sagt ein dag. - Og så tok husmannen morsarven åt kona si, som var garddotter, og kjøpte seg eit trøskeverk han og. Men neimen om det vart meir korn av det. Då vart husmannen så sinna at han tok øksa og slog trøskeverket i småbitar. Han og tok til frå galne enden.
Vi har for dårlege beite å ta i mot ein "storetar" med her i landet og enno. Men det er visst verre å få folk til å skjøna. Beitesaka har ikkje så lett for å vinne det rette og største og framste rommet i "husdyrhugen" hos bonden, men blir meir set på som noko juggel folk fer med. Då fatar det andsles eld når ein kjem og byd fram ei "eventyrku". Slik er det. Vi treng 10-20 år eller meir enno å arbeide med beitesaka før beita jamt over blir for gode til dei kuslaga vi alt har. Det er fælt få gardar, sjølv i dei fremste stroka, som enno har gode nok beite til Raud Trønder. Rett nok har mange gardar beite, på innmark til og med. Men oftast har dei lagt ut gamal voll som med kvart har vaksi att av solauge, bunke og løvetann, og er vorti alt anna enn kulturbeite.
Og R. T. er god - eg heldt på å skrive god nok - etter forholda her. Og betre kan ho bli. Snautt om eg trur at vi som må bruke mykje bakkar til beite, kan greie å fullfore kistekua frå utlandet. På annan måte enn at vi og får sendt med kraftfor frå utlandet. Og den handelen har vi vel brent oss nok på, skulde eg tru.
Kan vi no først få gjort våre heimlege beite så gode som råd er med kvart, og byggje vidare på den kua vi har, og attåt det få gjort vinterforinga så god som ho skal - med dette siste står vi visst lengst framme, så skal vi ikkje ta det så annsamt med den utalandske "mjølkista".
(Svar på dette innlegget)