Sigvard Kåpvik, Landbrukstidende nr 31-32, s 124-125 1943. Svar på innlegg fra Statskonsulent Olav Fjæreli
Sigvard Kåpvik
Såvidt eg minnes namntok eg ingen i det eg skreiv om "Store kyr og små beite". (Eg rettar eit grann på overskrifta denne gongen). Aller minst sikta eg til dei som har "sagt at R. T. er eit riktig gildt fe". Eg vilde berre eit grann bortpå dei som ser meir på feet enn på foret. Teorien kan eg, og eit grann innsyn i praksisen har eg og - eg har dessverre vori kontrollassistent i tre år.
Årstala og blodprosentane får vera som dei er, det er prosenttal som er viktugare i husdyrbruket. M. a. kraftforprosenten og beiteprosenten i forrekneskapen. Nei, for dei 0,2 prosent meir kraftfor kunde vi berre ta hit S. R. B., var det berre det. Om dette 22,6 prosent her heime var eit fullnøgjande lågt tal. Men det er det ikkje. Etter ytinga her vilde det vori meir enn nok med 12,6 prosent. I Sverige, der dei er så mykje "lenger framme", skulde ein tru 22,8 pst. er noko så nær det som vil til. Og er det berre del krokute beina og den veike ryggen ein arbeider imot, trur eg vegen er ein annan.
Ved sjølvsyn har eg merkt meg at dei som steller vel med ungdyra har velbygde kyr og kraftige og velforma. Om S. R. B. og blir berre buken og busta og beina i den tida dei skal vekse, kan dei snart bli krokføtte og salrygga, dei med.
Dette med ny arv høres bra ut, men nokon fare for innal er det vel ikkje enno her heller i R.T. Eg trur fullt og fast at ein med all denne rasepraten arbeider tanken hos den menige mann frå dei meir sentrale faktorane i husdyrbruket, eit godt ungfestell og ei fornuftig foring.
- Ein kveld eg kom til ein gard på kontroll, kom mannen sjøl og bad med vera med til fjøset - han hadde vori stad og kjøpt seg ein kalv som eg måtte sjå. Eg lika buskapen han hadde før og, men eg lika ikkje foringa. No fekk eg høve til å seie meininga mi. Og bonden lydde til, og lærte. Og den buskapen som eit år hadde ein årsmedel på 2500 liter, hadde året etter 3700 liter. Før hadde han trudd han skulde auke avdråtten med nye dyr, no synte det seg at vegen var betre foring. Og da især betre beite, gjødsla innmarksbeite. Til dei vårbære kyrne. Kraftforprosenten huser eg ikkje no, men sjølsagt var han for stor, for det var ikkje brukt silofor. Men "kraftfor" var religion i jordbruket ei tid, ja, kraftforkjøp heldt på og vart eit slag "jordbruk". Eg har kontrollert buskapar med 3500 l, mjølk i årsmedel med ein kraftforprosent av årsforet på 50. Det er slike utglidingar ein risikerer om ein ser for sterkt på "rasefrågan". For enno er ikkje foringsmentaliteten kommi lenger enn at premiekyrne har skaffa mest utalandsk mjølk.
Dei bygder og dei einskilde menn som har "tru" på ei oppfrisking med S. R. B.-oksar, kan halde på med det, om dei attåt "trua" og har kommi så langt med beite og inneforing at bastarden gir betre att enn R. T. Tida vil likevel ikkje dømme andsles enn at det som er rett i husdyrbruket er først og fremst eit godt ungfestell og ei god foring inne og ute til den rasen ein har. Når han ein utrøynt kjem tida åt noko nytt og betre.