Rasestrid i Trøndelag - Jon Sælands svar på C.B. Alsens innlegg . Hentet fra Landbrukstidende nr.4-1938 sidene 26-28.
Jon Sæland, statskonsulent saueal
Alfsen hev atter eit langt stykke um dette i Landbrukstidende nr. 3. Han held på med å lasta det som eg og andre hev gjort, alt er gale. Men no skal han redda saualet i Trøndelag og Noreg når han fær framgang med reinavl av oxforddownsauen som er utrøynt i 80 år og ikkje hev greidd seg. Han skynar ikkje kva den vanlege mannen som driv kjøtavl skal uppnå med den blandingi eg hev rådd til og som han kallar «planløs kryssing». Men det er vel ikkje å vente at han skal skyna dette endå det både er plan i det og endå um denne avlsmåten hev synt sers gode resultat i praksis.
Han skriv um «den forfalne saueavl i Norge» og finn ingen ting i boki mi (Ny sauebok) som det er gagn i «f or å bygge op» med. Men han kann byggja upp. Han hev vore i England nokre dagar, og lært. No skal det bli andre greidor. Ja, eg fær atter seia velklomen.
Men når han talar um «den forfalne saueavl i Norge», so hadde eg hug til å få høyra kva tid det var b e t r e med sauavlen i landet enn det er no ? Kann me få svar på dette. Den offentlege statistikken syner nemleg at aldri hev det vore so mykje sau i landet som det er no og aldri hev avdråtten vore større heller. Men då skulde her ikkje vera grunn til å tala um «forfall» - endå um, mangt og mykje ikkje er bra enno, serleg i hans heimefylke - der han skriv,:at det er «av de beste sauedistrikter i landet» og «flinke folk».
Han gjer eit stort nummer av at sautalet i landet skal hava gjenge ned med kring 10.000 i 1937. «Det er den dårlige kvalitet av slaktelam som er årsak» til dette og «statskonsulenten får bære skylden for dette forhold.»
Jaja, men vil han gjeva meg skuldi for denne vesle minkingi på kring 1/2 pct. so er han kanskje viljug til lå gjeva med æra for a u k i n g i som hev vore i mi arbeidstid. Den er litt større enn 10.000, so då kjem eg ikkje so reint ille frå det likevel. Aukingi i sautallet frå 1918 til ifjor (i mi arbeidstid) er nemleg 348.566 sau. Dreg me 10.000 ifrå her, fær me endå att 338,.566 som auking i sau t a l e t og avdråtten hev auka etter måten e n d å meir.
For den som hev interesse av å halda seg til det f a k t i sk e er her soleis ikkje minste grunn til å: tala um forfall. Her skulde heller vera grunn til å gleda seg yver den store framgangen for norsk sauavl i ei elles vanskeleg yvergangstid for sauen då t.d. grannelandi (serleg Sverige) hev havt ein katastrofal nedgang for dette dyret, og då norsk landestyring i k k j e hev hjelpt sauen fram tilsvarande som dei andre husdyri t.d. mjølkenaut og gris. Her kann det vera nog å nemna den ting, at «Staten gjev store årlege tilskot for å halda uppe prisen på smør, mjølk og f lesk, medan islandsk saukjøt framleis slepp inn i landet utan anna enn ein ørliten toll mot den som gjeld for nautkjøt og flesk» (etter årsmeldingi mi). Eg hev sagte stridd litt imot ei slik landestyring i ei tid då det vert klaga yver og arbeidt imot den uendelege innføringi av kraftfor frå utlandi. Men kva hjelper det når stortinget vil ihava det soleis m. a. stortingsmennene frå Trøndelag, og saualarane - tier og lider.
Det er soleis ikkje vanskeleg å finna grunnar til, at sauavlen ikkje det seinaste året hev gjenge fram endå flesk- og mjølkavlen hev gjort det. Når landestyringi vil hava det soleis, so lyt det so vera, til solenge.
«Kjernen» i orsaki til den vesle nedgangen som skal hava vore ifjor trur Alfsen er «den dårlege kvalitet på slaktelam». Etter referat i eit Trondheimsblad skal han jamvel på eit møte der hava skræmt med at «I England sa man, at vårt sauekjøtt var det dårligste i verden». Dette er ikkje lite. Men det kunde kanskje hava interesse å få veta kva det er for folk i England som hev lært han dette. For her i landet veit me ikkje um anna enn at norsk saukjøt i England hev fenge kritikk for å vera framifrå godt når me hev sendt kjøt dit . Same kritikken fær norsk saukjet i Frankrike - dit det hev gjenge ikkje so lite i nokre år.
Og er det heimemarknaden han tenkjer på, so kann eg kanskje få visa han til årsmeldingane frå Oslo kommunale slakthus der direktør Loe gong på gong år etter år kytte av kor framifrå fint og godt det norske saukjøtet var, når berre dyri fekk godt ,beite, og kor yverlag store framsteg dette kjøtet hadde gjort i hans lange tenestetid. Direktør Loe såg i ei lang årrekkje godtsom alt saukjøtet som kom til Oslo stad, so hans ord her kann kanskje hava litt vekt. Men truleg blæs Alfsen frå Strinda åt dette som anna norske tenestmenn puslar med. Han hev vore i England nokre dagar og fenge lærdom og der veit dei det rette. Her hev han ogso lært at dei delar sauslagi i «2 hovedgrupper. Gruppe 1 er de lite foredlede raser som ikke gir modne slakteskrotter i en alder av 9 mdr. Gruppe 2 er de høit foredlede raser som kan gi modne slaktekropper på 4-5 mndr. med en vekt av 13 kg. og under». Millom dei sauslagi som er «mindre foredlede» kjem «Blackface og Cheviot som de 2 senest utviklede» og «den gamlenorske sauen gir enda senere modning», skrv han.
Men på dette viset kjem Alfsen til å føra prov for at den norske «bastardsauen» som han lastar so hardt, fullt upp held, mål med de «høit foredlede» slag i England. Alle som hev drive litegrand med sauavl i Noreg vil veta at det ikkje er minste vanskelelg med blackfaced eller sjeviot eller stuttrova eller blandingssau å få lamb som i 4-5månaders alderen gjev skrottar på 13 kg. og yver. Ja me er ikkje verre stellt enn at me gjeme kann byta trettan med femtan her. Men på dette viset vert norsk sau som Alfsen ikkje vert trøytt av å lasta lenger framme enn det beste, det «høit foredlede» som han hev fenge lærdom um i England. Ja, det er kanskje ein litt underleg kunnskap han hev både um norsk og engelsk sauavl.
Alfsen er missnøgd med at eg ikkje hjelpte han med innføring av oxford down frå England i 1935 eller 1936. Men eg hadde ikkje hug til å gjera ein ting som etter mitt skyn berre vart til skade for han og for norsk sauavl og for det Qvamske legatet. Skulde dette øyda enda meir pengar iburt til inkjes på oxford down, fann eg det rimelegare å gå til Sverige etter alsdyr. Um det hadde lete seg gjort å kjøpt bra oxford down på slakttorget i Newcastle, so hadde dyri likevel (um det hadde lete seg gjort å fenge helseattest for dei) vorte kostesame nog innan dei kom til Strinda.
Endeleg klagar han på, at eg hausten 1936 godkjende som alsdyr 5 oxford lamb i Trondheim etter fyrst å hava sagt «hev du set noko so stygt». Eg minnest godt desse lambi og det kann gjerne vera, at eg sa det som her er nemt, for lambi var beint fram «skinn og bein», so skrinne var dei. Men dei var typiske for sin rase og vel brukande for dei som vilde hava oxford down og kunde få dei fram, men i den stand dei var då eg såg dei var dei ikkje alsføre og vilde truleg ikkje bli det, den hausten heller. Alt dette sa eg ifrå um. Det var sjølvsagt ikkje spursmål um nokor premiering eller um innsetjing i saualslag.
Eg gjorde soleis ikkje anna med desse lambi enn eg kunde hava gjort uppatt det same idag - anten det so hadde golde oxford eller lamb av andre sauslag.