Dette er et innlegg i Landbrukstidende (nr 45-1937,side 354-355) som starter en lang diskusjon mellom statskonsulent Jon Sæland og Trønderske sauebønder. Sæland svarer.
Olav O. Brønstad, Snåsa
Herr statskonsulent Sæland. Årsak at eg pånytt set bry på Dykk. På heimveg frå sjået jek diskusjonen høkt opunder taket i bilen, og føraren fekk ofte sja nevane knyt mot einannan i frontspeilet. Og da må me som so ofte ellest venda oss til Dykk for å døma. Saken jeld Dalasau kontra Sjeviot i Trøndelags bygder. Fyst vil eg sjølv jeva nokre merknader, for seinare å rette nokre spursmål som eg er takksam for å få svar på.
Etter dei dyr å døme som blev vist er det lite sauesjyn og plan i avlen i Trøndelag, særleg i Dalasauavlen og litt i Sjeviot og. Av Sjeviot var det berre to verar, båe frå gode ætter, den eine velstelt og vakker, den andre ringeagta og ufjelga som utstillingsdyr, av likesæla og okuningt stell.
Dette blev akorat helvta på kor sia. Sjeviotsau var det berre eg som stilte 3 gimrar av rein rase, og so ein par ur blandingar som var let å sjaltre ut. Altso av Sjeviot var konkurransen for liten til å væra i Trøndelag. Dalasau er soleis den dominerande, men frå mykje ringe kvalitet. Den hev ingen fast form enno. Some høgføtte som reinsimlor, skranglebygd med mange hjørnor.
Some med langt smalt hovud, andre med breit hovud og med småe horn på verar, delvis krokut nos, smale føtter, tynne lår. Og so alle blandingane som enno kjem fram på sjåi , som er vond å sjaltre ut for dei som dømer, for ikkje å tala um del som er okunige sauefolk og skal ala vidare på dei.
Alle desse risbitverar yver tjuge i talet som eigarane hadde set stort von til, men som berre 5 av smat jenom ein 3. pr. Dette er det ikkje berre alarne og stellet som hev skuld for, men rasen og beitet i Trøndelag.
Ein fek pånytt sanna ori, at storleiken går meir jenom kjeften på folk, enn jenom kroppen på sauen. Det er meire trivsel i beite og fjøs, og stell og sjyn isaman som lagar stor sau, og ikkje berre rasen. Mon tru ikkje Sjeviot vilde høva betre her, etter stell og beite. No må statskonsulenten taka umsyn til at høgfjellet her er ringare beiteland for sau enn lengre syd. Det er ikkje so grasrikt og feit vokster som i Folldalsbeitene og Alvdalsheiene. Her er mykje veirhart snaufjell med lyng og reinsmos, langt imillom smølgleinerne, so det blir mykje rakster og flog for stor og tong sau, her er mykje ringt skogbeite, vassfulle bjørklier, altso meir strev for maten enn på flatt turt og saftigt beite. Vilde det vera å tilrå no for oss som i mange hev dreve med sjeviot og ser den trivs å gå yver på dalasau?
Etter det me såg på sjåe er det mange om framheld at Sjeviot er so i retur at me blir nø til å sjifta. Men er den ikkje i andre bygder og fylker langt yverlegen?
Den unge gardbrukaren frå Skogn som synte to gilde Oxford-gimrar skal ha all ære for det. Det gjorde meg reint godt då eg såg han fekk premie for del båe. Dei fortente det både eigaren og sauene. Og so for me sjå kor dei trivs i Trøndelag.
Om eit liknande antal Sjeviot hadde mønstra på sjå som Dala. Kunde so mange vorte satt ut som odugleg i avlen som Dalarisbit? Det er fleire gonger tilrådt å styva rova både på Dala og Sjeviot. Men det synte seg å vera mykje sau frå dei som hadde styva som var like ufjelga og landrau, so det er eit dyrplageri utan gagn.Serleg her i Snåsa kor beitet er fullt av stikkfluger og klegg, og sau utan rove er fråteken alt værje for jur og bakpart. Til slut vil eg be dei styrandel. Få sjåi tilbake til bygdene i sentrum av fylkene. Bort frå byane med krøttersjå kor dei ikkje hører heime, der kor plassen blir uppteken av born og uintresserte. Livdyri skal til bygdene, kjøttet til byane.
Snåsa den 1/11 1937
Olav O. Brønstad