Jon Sælands svar på Olav O Brønstads første innlegg i diskusjonen mellom Sæland og trønderne om sauehold og valg av sauerase i Trøndelag. Dette svaret stod i Landbrukstidende (nr 46-1937,side 364-365). Neste innlegg - En vestlening blander seg inn..

Sjeviot eller dalasau. Svar til Olav Brønstad

 

Jon Sæland, statskonsulent i saueal

Det var forvitneleg å høyra um ordskiftet, og dei knytte nevane i Snåsabilen på heimveg frå sausjået på Steinkjer. Her var det altso liv og vilje og då er det ikkje vonlaust.

Sjeviot eller dala? Ja, korkje det eine eller det andre av desse slagi er det b e s t e. Me må hava dei båe tvo m. a. i Trøndelag. Viktugare enn rasespursmålet er den ting at folk h e v s a u og steller han bra og at dei fyrst og fremst slaktar sau (norske varor) til sitt eige hus soleis som dei gamle gjorde og ikkje meir og meir går yver til flesk, d. v. s. mais og anna innført kraftfor, unorske varor.

Elles kjenner me ordet: manns vilje manns himmerik. Kvar og ein fær hava det slaget som han likar best  som han beint fram elskar. Det løner seg best, det når ein lengst fram med. Sjeviotsauen hev jamt yver dei beste kroppane av all sau i landet:  halvsmå eller små og med breid rygg og runde, store lår. Slike sel seg best i staden, serleg i Oslo. Og mange er vorten so glad i den vakre og trivelege sjeviotsauen, at dei knyter nevane mot alt anna. Slike bør halda på sjeviot. Slike hev me god bruk for m. a. på sausjåi, for slike er det von um kann halda uppe fine flokkar som dei andre kann henta alsdyr ifrå, serleg verar.

Men mange likar slett ikkje den små og skjerre sjeviotsauen, han høver ikkje for dei. Dei kann taka dalaslaget med storleik og daulynde. Storleik? Ja, det er ein ting som me alle hev vondt for å stå oss imot. Me vil gjerne vera store sjølv - på eit eller anna vis - s o m  v e l  e r. Truleg er denne kjensla ikkje minst i det storlagde Trøndelag. Og «stort skal storuni fylgja».

Me må beint fram akta oss at me ikkje går for langt på denne vegen - både i eitt og anna t. d. i den ting å krevja sjeviotsauen like stor som dalasauen. Det vilde vera urimeleg, men de ser at mange trår etter stor, stor sjeviot. Han skal ikkje vera sers stor, men hava tett og god kropp. Då hev me sers god bruk for han i blandingsavlen. Dalasauen vert stundom noko skrumlin og hengslute og gjev då ikkje fine kroppar. Attåt slik sau høver det med ein tett velbygd sjeviot ver. Blanding? Ja, eg rår til det - for det vanlege mannen som ikkje møter på sausjå og ikkje sel alsdyr. Han kjem lengst med blanding  millom sjeviot og dalasau. Når sauen vert or små og for skjerr, brukar han dalaver og når han  vert f o r diger og slåpute brukar han sjeviot ver.

Men dei flinke uppalarane som møter på sausjå og skal selja alsdyr, må halda rein rase anten av det eine eller det andre slaget.

Dalasauen for kravfull i Trøndelag? Nei det ser ikkje so ut. På det store sjået av dalasau i Soknedal er stendig både gimbrar og søyor og lamb feite og fine, altso dei som hev gjenge fritt i skog og fjell. Men v e r a n e er ringare, dei som lyt vera i inngjerdingar. Og soleis var det ikkje uventa at verane på Steinkjer var skrapne. Dei kom vel frå skrale inngjerde hamnehagar. Der er det sjeldan at beitet er godt. Og noko feitt stell um vinteren hadde dei truleg ikkje heller havt.

Men under slike kår vilde sjeviot verar hava vore radt like skrapne. Dette såg eg mange stader ihaust t. d. på Tynset der det møtte langt burt imot 100 sjeviot verar og det var reint skræmeleg kor mange som rauk millom anna avdi dei var so ihopturka og stakarsvorne.

Det syner seg at jamvel på Edøy ei hardsett utegangarøy ut med storhavet greider dalasauen seg like godt som sjeviot, han gjer det.

Alt ialt er det soleis ikkje underlég um dalasauen er kommen i skotet i Trøndelag. Eg ser ikkje noko gale i dette. Men sjeviotsauen lyt me og hava. Eg vil soleis ikkje rå dei som hev fine flokkar sjeviot til å skifta dei ut med dalasau, endå dei som hev fin dalasau vil hava lettare for å selja alsdyr til gode prisar ei tid frametter enn hine.

Dyrplageri å styva rova på unge lamb? Nei, vert det gjort når lambi er tvo-tri dagar (eller ein dag) gamle, so kann me ikkje kalla det so. Då vert merking i øyro og dyrplageri.

At dei med stuttrove rakkar seg til like gale som dei med lang, tung rove er ikkje, tilfelle og dei siste lid m e i r av å t enn dei fyrste. Stundom hev det synt seg, at ei lang tilrakka rove kann bli heimstaden for so mykje m a k k t. d. at sauen beint fram vert drepen av herjingane - etter fælslege lidingar.

Jon Sæland