En vestlening blander seg inn i diskusjonen diskusjonen mellom Sæland og Trønderne. Innlegget stod i Landbrukstidende (nr 47-1937, side 374-375)

Kven er rappast på kjeften av sauerasane?

 

J. Byrkjeland

Olav O. Brønstad er i dette bladet nr. 45 litt inne på kva slags sauerase som høver vest der beiti ikkje er dei aller beste. Som vestlending er dette noko eg og gjerne vilde blanda meg burt i enda eg ikkje kjenner beiti i Trøndelag. Men her kring Bergen har me mykje av slikt beite, der sauen ikkje får kjeften full, kvar gong han bit til. Og på slike stader spørst det just, um ein sau som er rapp på kjeften.

Eg har då lagt merke til at det er ikkje liten skilnad i dette stykket millom dei sauerasane me driv med. Både dalasau og r y g j a s a u er mykje seinare til å føta seg og til å nappa grasflisene med kjeften enn c h e v i o t. Ingen som har umaka seg med å sjå på desse saueslagi når dei beitar kann lata vera leggja merketil dette. Det ligg so upp i dagen. No torer det henda at sume ikkje vil leggja so mykje i dette. Men alt har sine grunnar, og når ein då samstundes og legg merke til at cheviotsauen greider seg vel so godt på slike halvsimple beite der det er langt imillom grasflisene, må ein tru der er ein samanheng. Eg trur ikkje grunnen er den at cheviotsauen meltar graset betre. Men sidan han er rappare på kjeften, kann han på same tid få meire i seg av beite enn dei sokalla daudlynde slagi, som tek det meir makleg heile dagen, og må få kjeften full kvar gong um det skal muna i mage og jur.

Det kann nok vera at der er andre som har lagt merke til det same, men då eg ikkje har set eller høyrt dette nemnt, fekk eg hug å bera det fram, sidan ein saueinteressera mann spør i denne leidi.

Det er vel i det heile soleis at me har gjeve oss altfor lite av med å leggja merke til dei mange mange småting som sermerkjer kvar sauerase, og når me då ikkje har brukt syn og umtanke, kjem me burti dette at me lyt gå etter trui meir enn ynskjeleg er. Men det er jamt gildare å vita enn berre å tru.